“Alle” erfarer vi at “hadde vi berre hatt” så skulle me……

Også vi har tenkt tanken. Gjennom 25 år har vi vore båe strukturerte og u-strukturerte I vår handling. Vi har feila, lykkast, mislykkast, banna, sverja, bedt og håpa. Vi har vore sikre på at no fungerer det.

Vi har brukt eigne, mange eigne og offentlege midlar som ein lekk I det å få fram produkt som skal gagne fellesskapet. Sjølvsagt er målet vårt også av det eigennyttige. Me skal tene. No er me så klar at me kan vanskeleg tene med mindre du; ja nettopp du sparer.

Her er vi no!

Tar meg fri heit å nemne at ein særs viktig (og særs dyktig) «forskingsstasjon var Rica Sunnfjord Hotell i Førde (no Scandic). Her fekk me «fritt» skape /utvikle/bygge ei maskin som ned delte, transporterte og komposterte hotellets kjøkkenavfall (organisk).

Resultatet vart ei «pengemaskin» for hotellet. Dette igjen gjorde at me fekk mange kundar rundt omkring i landet (og utlandet). Stoppeklokker, tidtaking, måling, energiforbruk, gangtid, Ja alt som kunne reknast på vart gjort for å sjå kva dette betydde økonomisk for hotellet.

Dette er snart 15 år sidan. I dag vil me også vektlegge vektorar som miljøvenlegheit og berekraft. «Vårt» FOU-team har utvikla eigne produkt, sett etter supplerande utstyr og satt dette saman slik at det produserar og dokumenterar.

«Tempus rerum emperator»; eller tid er tingenes herskar er sanneleg eit godt uttrykk.

Ei tid (og fortsatt er det) brukte dei mange skip forbrenningsomn/incineratorar for å avhende brennbart fast og flytande avfall. No oppstår ikkje avfallet alltid nær incineratorar. Logistikk måtte til. Ofte var dette blandingsavfall av ein slik karakter at det ikkje let seg binde inn med stropp. Løysinga vart då å samle dette i ein plastsekk. Innhaldet vart komprimert i plastsekken. Dette i ei tilpassa avfallspresse. For å høge sikkerheita valte vi å bruke transparente plastsekkar. Det var ein fordel om brukaren skulle sjå kva som skulle brennast.

Avfallet måtte fysisk transsporterast/berast til incineratoren. Her stilte deg seg fleire spørsmål som måtte forskast på. Det første var vekta på det komprimerte. Den måtte ver under 25 kg. Arbeidstakaren sine interesser er varetatt gjennom Arbeidsmiljøforskrift §531 som set maksimum grense til 25 kg for gjentatt løft.

Det neste spørsmålet var om det komprimerte let seg brenne. Vi veit at det er ikkje lett å få fyr på ein «telefonkatalog» sjølv om den er laga i papir. Deretter måtte det fysiske målet på plastsekken ikkje vere større enn at den let seg legge inn i incineratoren (sluse-luke). Vi fant løysingar og pressa har vore under produksjon i nær 20 år. Den har mange nasjonale og internasjonale brukarar. Synergien vart at denne pressa fremja sal av incineratorar og vice versa. I ettertid ser me at mange andre segment finn glede og økonomi av å bruke denne.

Eit anna større prosjekt var å utvikle ei komposteringsmaskin for kommunalt av vatna slam. Dette var eit prosjekt som varte i 2 år og produktet vart utvikla og maskina drifta i 9 månader utan stans før den vart selt.

Her merka vi oss eit tydeleg forbetrings potensiale for slamhandtering. Norske reglar krev at private slamavskiljarar skal tømmast anna kvart år. Dette fordrar mykje logistikk med dertil slitasje på infrastrukturen vår. Idear og forventa løysingar er klar, men det er så mykje som vi vil gjere.

Dette prosjektet vil også krevje FOU!

Ta gjerne kontakt med oss dersom det er noko vi kan gjere for deg!