Kompaktorar er eit mykje nytta produkt for å minimere materiale som skal igjen vinnast.

Tilgjengeleg plass for oppbevaring er ofte kostbar. Løysinga blir då komprimering.

Ei utfordring blir å velje ein god og høveleg kompaktor, rett storleik, optimal virke med tanke på driftsform som t.d. manuell drift, pneumatikk, elektrisk/mekanisk, hydraulisk , containerløysing, krokløysing, automatisk innmating, komprimering og utballing.

Eit alternativ kan vere fleirkammerpresser for materialsegregering, toppmating, frontmating.

Kanskje presser for komprimering i plastsekk kan vere aktuelt?

Vektorar som kvalitet, galvanisert/rustfritt/farge m.m. spelar også inn ved val av modell.

Arbeidsmiljøforskrifter varetar våre interesser.

Dette ikkje minst med tanke på vår overordna sikkerheit. Nemner støy, CE merking og vekt på det komprimerte for vidare handtering.

Eit anna viktig moment er pris. Som brukar ynskjer du ei optimal løysing. La oss få lov å hjelpe deg.

Kompaktorar, tidlegare kalla avfallspresser har I stadig større grad blitt nytta av stadig fleire segment.

Drivkrafta er å bli meir miljøvenleg og dermed redusere utgifter.

Pengar spart er pengar tent!

Før seggregering vart alt som ikkje kunne nyttast kasta i opne konteinarar. Etter som tanken om gjenvinning og forskrifter «såg dagen lys» vart komprimering utbreidd. Dette skapte marknad for mange produsentar, nasjonale som internasjonale. No, nokre 10 år seinare er det produsentar med dei betre produkt og forretningsidear som fortsatt tilbyr sine tenester. Papir, papp og plast (PE-Ld) er det materialet som er «mest vanlig» å ta ned volumet på.

Segmentet «Dagligvarer» og «kjøpesenter» er dei største «produsentane»

Miljødepartementet (MD) har utferda reglar for kven som er lovpålagt å gjenvinne «brunt papir» eller papp som me seier.

No er papp (og papir) blitt ei etterspurt vare som genererer økonomi for involverte.

Dette fordrar at pappen blir handsama «properly». Dvs. handtert slik at den ikkje forvitrar i sollys, blir utsatt for nedbør, har innblanda andre fragment som andre salsvarer som for eksempel fruktbeger, tomat etc. som ved uhell har blitt feilsortert. Når dette blir komprimert i lag med «pappen» så fell gjenbruksverdien og ekstra arbeid oppstår.

Erfaringsvis syner det seg at å nytte komprimeringsutstyr som gir betre innsyn til komprimeringsprosessen er positivt. Dette kan førebygge uhell. Bruk av komprimeringskontainarar er også positivt, men her gis større rom for avhending av andre varer som ikkje høyrer til. Sjølvsyn rundt omkring i landet stadfestar det.

Kundar søker optimale løysingar. Ikkje minst optimal med tanke på kostnad, enkelheit og sparte kostnadar.

Selskapet BEREKRAFT for alle! nyttar ulike tilverkarar for at kunden skal oppnå ei optimal løysing.

Sjølvsagt gjer me dette for at også vi skal tene pengar. Kafèspråket «ein smilande gjest ut av døra gir 2 tilbake». Dette er universelt. La oss få gjere deg til ein «smilande gjest»

KOMPAKTORAR

Vi har berre lagt ut ein  seleksjon av kompaktorar som me tilbyr våre kundar. Vi kan tilby alt fra enkle manuelle typar til store og kraftige variantar.

Eitt er sikkert; me har den optimale løysing for deg. Merk at marknaden etterspør også manuelle presser. Dette kan for mange vere eit «best buy» for mange.

Sjekk gjerne websida til: www.cecobalers.com for fleire modellar og welger.de for meir spesifikasjon eller ta kontakt med BEREKRAFT for alle!

Her er nokre av dei Ceco Balers tilbyr: